Storslansering av Grøn region Vestland

17.november  2026 · 10:30 til 14:30 · Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad,, Bergen

MERK! Dette er det samme arrangmentet som blei utsett frå 2. september av respekt for Kong Harald V sin bortgang.

Vestland fylkeskommune inviterer til nylansering av Grøn region Vestland. Frå no av er dette namnet på arbeidet fylkeskommunen sitt arbeid med grøn omstilling i næringsliv og industri.

Dette inkluderer det viktige arbeidet til Klimapartnere Vestland, Dei sirkulære hubbane, Invest in Vestland, Styrka Marin Innsats og One Ocean Havbyen Bergen.

På lanseringa samlar vi dei fremste stemmene frå næringsliv, industri, politikk og forsking for å vise kva som skjer i dag, og kva som skal skje vidare.

Nokon av dei som skal stå på scena er

Fylkesordførar Jon Askeland,

Dekan Jens Kristian Fosse frå Høgskulen på Vestlandet,

Camilla Skjelsbæk Gramstad, leiar av Samfunnsoppdraget for sirkulær økonomi,

Jeanette Iren Moen, direktør bransje- og industripolitikk i Norsk Industri

Aslaug Aalen frå Statsforvaltaren i Vestland.

Vi samlar kreftene for grøn omstilling av industrien i Vestland.

Videoen forklarar korleis vi kan auke farten på grøn omstilling av industrien i Vestland.

Våre initiativ

  • Dei sirkulære hubane

    Samarbeid som skaper nye verdiar

    Dei sirkulære hubane samlar bedrifter og aktørar på tvers av verdikjeder for å utnytte ressursar betre og utvikle lønsame, sirkulære løysingar. Gjennom samarbeid blir avfall til ressursar og nye moglegheiter skapte for næringslivet i Vestland.

  • Styrka marin innsats

    Ei grønare og meir lønsam havbruksnæring

    Styrka marin innsats skal utvikle ei berekraftig havbruksnæring med høgare verdiskaping og lågare klima- og miljøpåverknad. Satsinga samlar næringsliv, forvaltning og kunnskapsmiljø for å finne løysingar som styrkjer framtidas akvakultur.

  • Klimapartnere Vestland

    Saman om det grøne skiftet

    Klimapartnere Vestland er eit nettverk av verksemder, offentlege aktørar og akademia som samarbeider for å nå målet om netto nullutslepp. Gjennom deling av kunnskap, erfaringar og konkrete løysingar inspirerer vi fleire til å handle – no.

  • Invest in Vestland

    Vestland – ein attraktiv stad å investere

    Invest in Vestland hjelper nasjonale og internasjonale verksemder som ønskjer å etablere eller investere i regionen. Vi tilbyr kunnskap, nettverk og rettleiing om alt frå lokalisering og verdikjeder til forskingsmiljø og forretningsmoglegheiter.

  • One Ocean Havbyen Bergen

    Posisjonerer Bergen og Vestland som ein globalt leiande havby for berekraftig havforvaltning og havnæring

    One Ocean er eit samarbeid mellom aktørar frå næringsliv, akademia og offentleg sektor, med fokus på berekraftig verdiskaping, kunnskap og forsking knytt til havet. One Ocean District skal utvikle eit nettverk av innovasjonsdistrikt som saman arbeider for å utvikle havnæringane, basert på lokale innovasjonsprosessar.

Vi samler kreftene for å få opp farten på grønn omstilling av industrien i Vestland.