Vi samlar kreftene for grøn omstilling av industrien i Vestland.
Videoen forklarar korleis vi kan auke farten på grøn omstilling av industrien i Vestland.
Våre initiativ
-
Dei sirkulære hubane
Samarbeid som skaper nye verdiar
Dei sirkulære hubane samlar bedrifter og aktørar på tvers av verdikjeder for å utnytte ressursar betre og utvikle lønsame, sirkulære løysingar. Gjennom samarbeid blir avfall til ressursar og nye moglegheiter skapte for næringslivet i Vestland.
-
Styrka marin innsats
Ei grønare og meir lønsam havbruksnæring
Styrka marin innsats skal utvikle ei berekraftig havbruksnæring med høgare verdiskaping og lågare klima- og miljøpåverknad. Satsinga samlar næringsliv, forvaltning og kunnskapsmiljø for å finne løysingar som styrkjer framtidas akvakultur.
-
Klimapartnere Vestland
Saman om det grøne skiftet
Klimapartnere Vestland er eit nettverk av verksemder, offentlege aktørar og akademia som samarbeider for å nå målet om netto nullutslepp. Gjennom deling av kunnskap, erfaringar og konkrete løysingar inspirerer vi fleire til å handle – no.
-
Invest in Vestland
Vestland – ein attraktiv stad å investere
Invest in Vestland hjelper nasjonale og internasjonale verksemder som ønskjer å etablere eller investere i regionen. Vi tilbyr kunnskap, nettverk og rettleiing om alt frå lokalisering og verdikjeder til forskingsmiljø og forretningsmoglegheiter.
-
One Ocean Havbyen Bergen
Posisjonerer Bergen og Vestland som ein globalt leiande havby for berekraftig havforvaltning og havnæring
One Ocean er eit samarbeid mellom aktørar frå næringsliv, akademia og offentleg sektor, med fokus på berekraftig verdiskaping, kunnskap og forsking knytt til havet. One Ocean District skal utvikle eit nettverk av innovasjonsdistrikt som saman arbeider for å utvikle havnæringane, basert på lokale innovasjonsprosessar.
Nyheiter
Vi samler kreftene for å få opp farten på grønn omstilling av industrien i Vestland.
-
Grøn region Vestland er eit stort samarbeidsprosjekt mellom ulike offentlege og private aktører for å få opp farta på den grøne omstillinga av industrien.
-
Grøn region Vestland eigast og drivast av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg, med det breie, regionale partnarskapet Næringsforum Vestland som styringsgruppe.
-
Vi samlar oversikt over kva som er på gang i fylket, kva barrierar vi står ovenfor og kor vi må sette inn støtet.
Med utgangspunkt i Vestlandsporteføljen, vart det identifisert 16 ulike hubar i Vestland fylke. Desse hubane består av ulike aktørar som jobbar saman ut frå en tankegang om industriell symbiose.
-
Dersom du tenkjer at din verksemd bør vere involvert i ein av hubane, kan du ta kontakt med oss.
For å halde deg oppdatert på kva som skjer i Grøn region Vestland kan du følgje oss på sosiale media, eller melde interesse for oppdateringar til grv@vlfk.no.