Sirkulære Høyanger

Slik skal noko av den industrielle symbiosen i Høyanger sjå ut.

Høyanger har ein lang industrihistorie. Sidan 2009 har tomme lokalar blitt snudd til innovasjon og utvikling.

Kjerneaktiviteten i Sirkulære Høyanger består av produksjon og resirkulering av aluminium, resirkulering av komposittmaterialer og gjenvinning av sjeldne mineraler og metaller. Dei har jobba systematisk med sirkularitet og industriell symbiose over lengre tid. Hydro er ein hjørnesteinsbedrift i Høyanger, men dei har og det gamle brownfield-anlegget Fundo som no husar fleire nye verksemder.

Fundo: Ein smeltedigel for entreprenørskap og innovasjon kor nye berekraftige næringar blir støypte
— Tommy Ølmheim, Høyanger Næringsutvikling

I 2025 jobbar Sirkulære Høyanger med å vidareutvikle masterplan for hubben, kompetanseauking på industriell symbiose og med aktørane i hubben. Neste sted er å få ein oppdatert og systematisert oversikt over materialstraumar lokalt og regionalt for å få til industrielle symbiosar og riskulære prosessar.

Milepålar og nøkkelprosjekt

  • GreEnergy etablerte pilotanlegg på Fundo i 2022 for resirkulering av kobber frå katoder brukt i aluminiumsindustrien.

  • I 2023 etablerte Gjengraft selskapet Vest resirkuleringssenter og bygga pilotanlegg for resirkulering av turbinblader på Fundo.

Sentrale aktørar

Høyanger Næringsutvikling AS, Nyrstar, Bergen Carbon Solutions, Hydro, Refacture, Fjordpanel, Bergen Spesial, Tiotech, Gjenkraft og GreEnergy AS.

Verdikjeder

CCUS, batteri, fornybar energi, hydrogen, maritim transport, prosessindustri, havbruk/sjømat, metall og materialgjenvinning.

Kontaktinfo

Ingrid Heggø, Høyanger Næringsutvikling AS  
97 08 53 21 
ingrid@hnu.no  


Under finn du ein oppdatert “one-pager” for Sirkulære Høyanger. Denne inkluderar mykje av informasjonen du allereie har lest på denne sia, pluss litt meir. Om du klikkar på bilete kjem du til ei pdf-fil med one-pagers for alle hubbane i Grøn region Vestland.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Grøn Hub Kvinnherad