Ta posisjonen som den globalt leiande havregionen
Marine og maritime næringar er anten sentrale i industrien i Vestland, eller er dei er helt avgjerande underleverandørar i økosystema som industrien er avhengige av.
Det er avgjerande at Vestland beheld og trekk til seg etableringar av sentrale kompetansemiljø innanfor desse næringane. Vi treng gode planar som sikrar denne aktiviteten.
Bergen og den maritime verksemda rundt byen er sentrale, men det er også viktige maritime og marine miljø andre stader langs kysten av Vestland.