Verktøy i utviklinga av ein hub

Hubbanei Grøn region Vestland har ulike utgangspunkt og modningsgrad. Det finns ingen fasitsvar på rett prosess, men vi viser verktøy og prosessarbasert på erfaringar frå 2021-2025.

Oversikt over verktøy og erfaringarvil bli oppdatert i tråd med vidareutvikling i Grøn region Vestland -Vestlandsporteføljen. 

Einword-versjon er tilgjengelegpå www.gronregionvestland.no

Kartlegging og moglegheiter 

Geografisk område 

Kartlegge og identifisere moglegheiter for industrielle symbiosar i regionen. Avklare regionale planar og kommuneplanens arealdel. 

Mobilisering

Mobilisere etablerte og nye bedrifter, prosjekt, kommune og grunneigarar. Skape felles forståing for styrkar og utfordringar. 

Analyse

Analysere føresetnader og interessentar som grunnlag for planlegging og utvikling av hubben. 

Viktig: Planprosessar kan ta lang tid. Om ikkje området har ein godkjent reguleringsplan bør ein avvente eller sjå hubarbeidet som del av planprosessen, men ver merksam på risiko for forsinking. 

Suksessfaktorar i mobiliseringsfasen 

På oppstartsmøte i Stord transition hub var eit breitt sett med aktørar samla. Resultet vart eit forprosjekt, med arbeidspakker som reflekterer dei felles måla og utfordringsbiletet området står overfor (Foto: Marius Knutsen). 

Inkludering

  • Inviter både store og små bedrifter

  • Inkluder hjørnesteinsbedrifter og knoppskytingar

  • Grunneigarar og kommune må vera med

  • Vurder kraft-/nettselskap og kompetanseaktørar

Gjennomføring

  • Invitasjon frå rett aktør med interessant innhald

  • Bruk verktøy eller fasilitatorar

  • Sikre felles omgrepsapparat

  • Avklar neste steg og ansvar

Føresetnader og interessentar

I kjernenliggeksisterandeognye bedrifter, fasilitatorog grunneigarar. 

Rundt står interessentar som påverkar utviklinga.

Ei analyse vil ofte særleg omhandle tre tema:

01


Sentraleverdikjeder
Modenheit og rammevilkår for etablerte og nye verdikjeder i hubben

02


Fysisk og digital infrastruktur
Areal, energi, transport, vatn, avlaupogdigital infrastruktur

03


Samfunnetrundt
Kultur, demografi, sosialaksept, tenesterogbustader

Materialstrøms- og ressursanalysar 

Restråstoff og biprodukt 

  • Marine verdikjeder med bruk av utkast, fiskeavskjer og anna restråstoff til nye og fleire produkt og ensilasje til biogass og biorest 

  • Næringsmiddelindustri, landbruk og hushaldsavfall til biogass 

  • Hydrogen og ammoniakkproduksjon med oksygen 

  • Prosessindustri med utslepp av karbon og andre biprodukt som gir grunnlag for lagring og bruk 

  • Utvinning av mineral og olje/gass med bruk av restmasse til produkt 

Infrastruktur og ressursar 

  • Gjenbruk av restenergi 

  • Gjenbruk av areal som allereie er utbygd (brownfield) 

  • Fleirbruk av areal til produksjon 

  • Fleirbruk av kostnadskrevjande infrastruktur som til dømes kaiar 

  • Fleirbruk og sambruk av testfasilitetar 

  • Sambruk av energi i tid og mellom ulike aktørar (energideling) 

  • Lagring av energi 

  • Optimalisering i bruk av energiformer (bruk av termisk energi for varme og kjøling) 

Støttefunksjonar 

  • Stadutvikling og rekruttering 

  • Deling av kontorfasilitetar eller fasilitetar for bedriftsutvikling/- administrasjon 

  • Kompetansedeling og -utvikling 

  • Utvikling av ny kunnskap 

Detaljeringsgraden avheng av aktørar, modningsgrad og formål. Grøn region Vestland har koplingar til kompetansemiljø med ulike metodikkar for kartlegging.

Masterplan

Masterplanen set retning og legg grunnlag for tillit mellom aktørane. 

Den må forankrast i utfordringsbiletet og visjon for hubben. 

Bilde mangler….

Masterplan: Forretningsplan

Aktuelt innhald

  • Administrativ drift av hubben–kva type felles tenester blir tilbydd og korleis desse blir finansiert.

  • Kva type samarbeidsformer ein kan ha innafor fleirbruk, gjenbruk og sambruk, gitt materialstraumane.

  • Kva krav som blir stilt til bedriftene og andre aktørar i hubben, med juridiske føresetnader

  • Kva verdi bedrifter, hubben og samfunn kan forvente av samarbeidet.

  • Moglegheitsrom og utfordringsbilete 

Dome pa meirverdiar for bedrîfter

  • Nye forretningsmoglegheiter basert på andre sine resrtprodukt

  • Optimalisering av ressursbruk

  • Auka kvalitet på produkt og tenester

  • Tilgang tiI kompetanse og nettverk

  • Tilgang på infrastruktur

  • Tilgang tiI kraft og nett

  • For små og mellomstore bedrifter: Tilgang på tenester som små og mellomstore bedrifter ikkje kan finansiere på eigenhand og koplingar til større bedrifter i nærområdet

  • lnformasjon og kommunikasjon mot

  • lokalsamfunn, kommune og eksternt

Dome på meirverdiar for samfunnet

  • Reduksjon av avfall

  • Reduksjon av utslepp

  • Arealeffektivitet

  • Energioptimalisering og energieffektivisering

  • Effektiv bruk av andre ressursar

  • Beredskap gjennom lokal produksjon av

    kritiske råvarer

  • Attraktivitet

Masterplan: Energiplan

Aktuelt innhald

Behov for energi

  • Behov elektrisk energi

  • Behov som kan løysast med termisk energi

  • Fleksibilitet i tid og form

Tilgang til energi

  • Elektrisk energi

    • Produksjon og lagring av ulike formar for energi

    • Nettsituasjonen

  • Termisk energi

Potensiell energioptimalisering med;

  • Oversikt over fleirbruk, gjenbruk og sambruk av energi i og på tvers av bedriftene i hubben og samfunnet rundt

  • Infrastruktur som gir grunnlag for energioptimalisering

  • Juridiske føresetnader

På Lutelandet produserast det årleg 160 GWh vindkraft. For hubben er energi- og nettinfrastruktur til næringsutvikling ei kjerneutfordring og energiplan er dermed ein sentral del av masterplanen. Foto: Lene Borgen Waage

Masterplan:
Plan for areal og infrastruktur

Omstillingsområde (Brownfields)

Næringsområde med behov for omstilling

Jomfruelege område (Greenfields)

Næringsområde under etablering

Kritiske tilhøve

  • Eigarstruktur og type område

  • Behov for mindre eller større reguleringsendringar

  • Ressursar og avskrenkingar i ulike delar av området

  • Behov for samlokalisering, geografisk nærleik og infrastruktur

  • Rekkefølge på investeringar i areal og infrastruktur

Etablere og oppretthalde industriell symbiose

Styringsmodell

Forankring i etablert organisasjon med mandat for representasjon og avtalar. Formalisere roller etter kvart som hubben modnar.

Risikovurdering

Vurdere sannsynlegheit og konsekvens for at ein ikkje får tilgang til naudsynte innsatsfaktorar eller avhenda eit restprodukt. Tiltak kan vera avtalar eller alternative leverandørar og kundar. Industrielle symbiosar kan også vera risikoreduserande.

Avtalar

Intensjonsavtalar, samarbeidsavtalar, kontraktar for ressursdeling og partnarskapsavtalar. Sikre felles forståing og konfliktløysing.

Kulturbygging og leiing

Tolmod er nøkkelen

Overgangen frå lineær til sirkulær økonomi krev kultur- og kompetansebygging i bedriftene, hubben og blant interessentar.

Fasilitering

Profesjonell fasilitering sikrar involvering og framdrift i prosessane

Fasilitering

Profesjonell fasilitering sikrar involvering og framdrift i prosessane

Fasilitering

Profesjonell fasilitering sikrar involvering og framdrift i prosessane

Grøn region Vestland har arrangert fleire samlingar for fasilitatorane i dei ulike hubbane. Her delast erfaringar på tvers og kompetanse byggjast. Foto: Tiril Amalie Johansen

Sogn Biohub på studietur til Kalundborg Symbiose og GreenLab i Danmark for å byggja samarbeidskultur og læra meir om industriell symbiose frå aktørar som har kome langt. Foto: Tiril Amalie Johansen

Faktaark for hubbane

Hubbane er utgangspunktet for og kjernen i arbeidet i Grøn region Vestland.

Kjerneaktivitetar, utfordringar, løysingar og milepelar er vist i faktaark som prosjektet har utvikla i samarbeid med dei 19 hubbane.

Faktaarka finn ein på Grøn region Vestland sine nettsider:
https://www.gronregionvestland.no/faktaark-forhubbane

Vidare utvikling

Grøn region Vestland – Vestlandsporteføljen fortset i 2026-2029. Oversikt over verktøy og erfaringar vil bli oppdatert.