Kan systemindustrien løse det grøne skiftet?
apr.
17.

Kan systemindustrien løse det grøne skiftet?

Dei er våre fremste og største teknologieksportørar. Dei er ein motor i det grøne skiftet. Det er systemindustrien vi snakkar om. Dei utgjer nokre av dei mest teknologitunge industriverksemdene vi har i Vestland.

Grøn region Vestland, i samarbeid med GCE Ocean Technology, Bergen Næringsråd, Nordhordland Næringslag og fleire andre inviterer systemindustrien sjølve, folk frå forskings- og andre kunnskapsmiljø til dialogmøte.

Tid: 17. april 2024, kl 12 – 16.

Stad: Vestlandshuset i Bergen

Her vil vi konkret sjå på korleis vi kan utnytte teknologien, erfaringa og kompetansen som vi finn i systemindustrien til å lykkast med det grøne skiftet, men og sjå på kva systemindustrien treng for at den skal lykkast med sine ambisjonar.

Meir om konferansen og lenke for påmelding (innan 12. april) finn du her:

Kan systemindustrien løse det grønne skiftet? | GCE Ocean Technology

Vis arrangement →
Fasilitatorsamling i Grøn region Vestland
mar.
15.

Fasilitatorsamling i Grøn region Vestland

Fasilitatorsamling i Grøn region Vestland

Kva inneber det å vere midt i ein hub i Grøn region Vestland og vere hubkontakt og fasilitator? Kva er suksesskriteriane som skal til for å lukkast? Eit av de viktigaste områda som peikast på, er samarbeid. Men korleis få til dette i praksis? Det å legge til rette for å kunne jobbe frem desse felles satsingane krev kompetanse og erfaring. Dette ønskjer Grøn region Vestland å gjere gjennom eit fasilitatorprogram. Første del i dette er ei samling 15. mars i Bergen.

Grøn region Vestland inviterer hubkontakter til workshop saman med dei som driv og fasaliterer symbiosen i Kalundborg i Danmark. Dette er kanskje den leiande industrielle symbiosen i verda, med meir enn 50 år bak seg innan sirkulær produksjon.

I tillegg til å lære meir frå nokon av dei mest erfarne innan industriell symbiose, får du også høve til å bli kjent dei mest sentrale personane frå andre grøne hubbar, frå verkemiddelapparatet, klyngar og andre viktige aktørar i økosystemet og sjølvsagt oss i prosjektgruppa til Grøn region Vestland.

Her skal vi lære saman med dei beste!

Tid:  Fredag, 15. mars, kl 09.00 - 13.30

Stad: Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18 i Bergen

Fasilitatorsamlinga er meint for hubkoordinatorar i Grøn region Vestland. Dersom dette gjeld deg, men du ikkje har fått invitasjon, så skriv til oss på grv@vlfk.no

Velkommen!

Helsing frå oss i prosjektteamet til Grøn region Vestland

Hubben er midtpunktet i Grøn region Vestland. Korleis organisere arbeidet der?

Vis arrangement →
Karriere-talks: Grøn omstilling
feb.
13.

Karriere-talks: Grøn omstilling

Nysgjerrig på grøne jobbmoglegheiter i Vestland? Tysdag 13. februar arrangerer Framtidsfylket Vestland og Utdanning i Bergen karrieremesse i Grieghallen.

I løpet av messa er det mogleg å delta på 30 minuttars seminar med ulike tema, mellom anna grøn omstilling. Grøn region Vestland er fasilitator for seminaret, og det vil handla om jobbmoglegheiter i hubbane. På scena får du høyre unge folk; Tiril som er trainee i Grøn region Vestland, Mari frå Bømlo Næringsråd og Michael og Tor-Erik som jobbar i hubben i Årdal.

Seminara krev påmelding. Les meir om karrieremessa, og meld deg på her.

Vis arrangement →