Dei skal skape den grøne omstillinga i Vestland

Fylkesvaraordførar Stian J. Opedal Davies stod for opninga då systemindustrianalysen blei lagt fram i Vestlandssalen på Vestlandshuset.

Systemindustrien blir dei kalla. Dei som sett saman råvarer, kapital, kompetanse, design og utvikling til nye produkt og tenester som er heilt avgjerande for at heile industrien i Vestland skal klare omstillinga til ein utsleppsfri framtid.

Systemindustrien er avgjerande i ein verdikjede kor deira kundar står for om lag 40 % av verdiskapinga i Vestland og sysselset om lag 24 000 personar.

Dei skal omstille seg frå å ha oljenæringa som sin største avtakar til sette fornybar industri i stand til å omstille samfunnet innanfor verdikjeder som hydrogen, grøn skipsfart og karbonfrie industriprodukt elles.

Då systemindustrianalysen for Vestland blei lagt fram fekk vi høyre frå mellom anna verksemder som TechnipFMC, OneSubsea, Wärtsila, Odda Technology, Odfjell Technology og Scana om korleis det kvar dag set anna industri i Vestland kan omstille seg og kutte utslepp, i tillegg til den omstillinga dei sjølve står midt oppe i.

Leiarane for dei ulike verksemdene peika alle på at Vestland med sin kultur for samarbeid mellom industriaktørar, styresmakter og verkemiddelapparat kan ta ein leiande posisjon globalt innan verdikjeder for fornybar energi, gitt at nokre føresetnader kjem på plass, så som tilgang til kraft og eit godt nett.

Kva må til for at vi skal lykkast med vegen vidare? Dette var tema for ein av paneldiskusjonane som vart leia av Owe Hagesæther frå GCE Ocean Technology.

Frå forskarhald vert det frå forskingsinstituttet Norce blei det peika på behov for risikoavlasting som ein annan føresetnad for at systemindustrien skal lykkast med sine ambisjonar.

Du kan lese heile analysen som vart utarbeidd av EY for industrien her.

Forrige
Forrige

Kva skjer – rapport frå det grøne skiftet i Vestland

Neste
Neste

Vis oss prosessane dine!