Vis oss prosessane dine!

– Vi krev at verksemder som vil vere med er opne og villige til å dele kunnskap. Kva går inn i verksemda, kva kjem ut og kor går det hen? Om de brukar gass, kor ender den? Som varme? Som damp? De må vise fram sine produksjonsprosessar. Dette var meldinga frå ein av Danmarks mest erfarne symbiosar då Grøn region Vestland, Danmarks ambassade og verksemda COWI inviterte til hubsamling under klimafestivalen Villere Varmere Våtere.

Fylkesordførar Jon Askeland opna hubsamlinga

- Nokon seier at vi er eit mangehoda troll, sjefen min seier vi er ein diamant med mange fasettar. Slik omtalte Jacob Hebsgaard Mogensen frå GreenLab i Skive det prosjektet dei held på med. Grøn region Vestland samla folk frå hubbar og gode hjelparar til hubsamling under Villere Varmere Våtere klimafestival i Bergen. Her inviterte saman med Danmarks ambassade til utveksling av erfaringar mellom Danmark og Norge.

I Kalundborg Symbiosis og i GreenLab i Skive er mellom dei mest erfarne innan industriell symbiose med fleirbruk, gjenbruk og sambruk av ressursar. I tillegg til Jacob frå GreenLab fekk alle aktørane i Grøn region Vestiand høyre frå Lisbeth Randers frå Kalundborg Symbiosis, kor dei har satt symbiose i system i meir enn 50 år.

Jacob Mogensen Hebsgaard frå GreenLab Skive under hubsamlinga.

Frå Kalundborg presenterte Lisbeth Randers planar for korleis underleverandørane til selskapa i symbiosen og transportselskap andre stader i verdikjedande no steg for steg vert integrerte i symbiosen. Gjennom industriell symbiose har aktiviteten i Kalundborg kutta utslepp med over 560.000 tonn CO2 gjennom lokal, karbonnøytral energiproduksjon. Dei har og  gjenbrukt 62.000 tonn materialar.

Dei danske innleiarane framheva også at det var viktig at arbeidet som skjer med å omstille industrien har så sterk politisk støtte som det har i Vestland. – Vestlandet er godt stilt og nasjonen er finansielt sterk for å få dette til, sa Jacob Mogensen. Men det viktigaste er uansett at ein bygger hubbar og symbiosar som har med seg verksemder som trur på industriell symbiose.

Forrige
Forrige

Dei skal skape den grøne omstillinga i Vestland

Neste
Neste

Deling – eller frå sløsing til løysing på klimautfordringa - velkommen til møte 14. mars