Tverrpolitisk semje og ny prosjektleiar på plass for dei neste tre åra

Vi rundar veldig snart av ei innhaldsrik og viktig tre-årig prosjektperiode med Grøn region Vestland. Arbeidet stoppar likevel ikkje her. Vi er glade for at det i går var tverrpolitisk semje i fylkestinget til innrettinga av det nye tre-årige prosjektet der arbeidet med hubbane fortsette.

I fylkestinget 10.12.25 peika Sigrid Brattabø Handegard på at Grøn region Vestland er meir enn berre et prosjekt; det er et kontinuerleg arbeid med ein langsiktig arbeidsmetode.

Når me no avsluttar den første tre-årige prosjektperioden har me to prosjektstillingar som blir avslutta, og me dermed må takke av. Heidi Synnøve Gaustad har vore prosjektleiar gjennom Innovasjon Norge, og Tiril Amalie Johansen har hatt rolla som kommunikasjonsrådgjevar gjennom Vestland fylkeskommune. Vi takkar for den gode innsatsen og det viktige arbeidet som er lagt ned dei siste åra.

Ny prosjektleiar på plass

Stafettpinnen går vidare til ny prosjektleiar for den neste prosjektperioda. Tor Martin Misund har hatt rolla som hub-koordinator i prosjektteamet Grøn region Vestland samtidig som han har vore seniorrådgjevar på fornybar energi i avdelinga Næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. Frå 2026 får han bruke all tida si på Grøn region Vestland når han går over i rolla som prosjektleiar.

 - Eg gler meg til å utvikla Grøn region Vestland saman med hub-fasilitatorane, Team Vestland og ikkje minst prosjektteamet med Lene, Anne Stine, Stephanie og Vidar. Takk til Bård Sandal i Vestland fylkeskommune og Rolf Sørland i Innovasjon Norge som gir meg denne tilliten, seier Tor Martin Misund.

Resten av prosjektteamet har bestått av tilsette frå eierorganisasjonane som har brukt delar av stillinga si på prosjektet. Desse held fram med arbeidet i det nye prosjektet og sørgjer for at vi får kontinuitet og beheld den gode kompetansen som er bygd opp så langt.

Bilde av ny prosjektleiar Tor Martin Misund.

Ny prosjektleiar for den neste tre-årige prosjektperioden er Tor Martin Misund.

Neste
Neste

Vinner av Årets lokale klimatiltak 2025