Vinner av Årets lokale klimatiltak 2025
Vestland fylkeskommune vann prisen for årets lokale klimatiltak 2025 for satsinga Grøn region Vestland! Dette prosjektet er eit breitt samarbeid blant hubbar, næringsliv, offentleg sektor, forsking og mange fleir - og prisen er ei stadfesting på at samarbeid er nøkkelen til suksess.
– Dette er ei stor anerkjenning for det framoverlente klimaarbeidet fylket har bygd opp gjennom dei siste fem åra! Eg deler raust prisen med alle i Vestland som har gått frå ord til handling, og utforska moglegheitene som ligg i å løysa klimakrisa, uttalar fylkesordførar Jon Askeland.
Han seier vidare at suksessoppskrifta med Grøn region Vestland er partnerskap, både lokalt, og i heile fylket.
– På denne måten har langt fleire eigarskap til å bidra med konkrete klimatiltak, framfor om me jobbar kvar for oss og peikar på kva andre burde gjera. Derfor viser partnerskapen Grøn region Vestland kva som er mogleg når næringsliv, forsking og offentleg sektor samarbeider mot same mål – og resultata det gir. Vi har ein felles retning i Vestland, eit sterkt nettverk av hubbar og eit kunnskapsgrunnlag som legg eit solid grunnlag for vidare satsing i 2026. Takk for prisen, det inspirerer oss vidare. Dette er berre starten, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Prisutdeling på Zero-konferansen i Oslo
Sigrid Brattabø Handegard, politisk leiar for hovudutval for næring, tok imot prisen på vegner av fylkeskommunen under prisutdelinga på The Hub i Oslo. Samstundes følgde prosjektteamet, eigarane og fleire av dei sentrale partnarane seremonien direkte frå Vestlandshuset i Bergen.
– Det er stas at arbeidet fylkeskommunen gjer saman med næringslivet og virkemiddelapparatet for ei grøn framtid vert lagt merke til. Vestland skal også framover vera verdiskapingsfylke nr 1. Då må me samarbeida meir, velja grøne løysingar og auke verdiskapinga, seier Handegard etter å ha mottatt prisen i Oslo.
Sigrid Brattabø Handegard, politisk leiar for hovudutval for næring, tok imot prisen på Zerokonferansen i Olso. Foto: ZERO / Kevin Dahlman
Peikar vegen vidare for heile landet
Prisen er eit samarbeid mellom Miljøstiftelsen ZERO, KS og Kommunalbanken, og er ein nasjonal utmerking til kommunar og fylkeskommunar som leverer konkrete, skalerbare klimatiltak. Vestland tok sigeren i sterk konkurranse med fleire andre nominerte frå heile landet.
Vestland fylkeskommune vann i kategorien storbyar og fylkeskommunar, medan Rendalen kommune vann blant små og mellomstore kommunar.
– Prosjekta vi løftar fram i dag har stor overføringsverdi. Dei gir læring og inspirasjon, og viser tydeleg korleis kommunar kan bidra til utsleppskutt for både innbyggjarar og næringsliv. Dette er tiltak som ikkje bare gjer ein forskjell lokalt, men som peikar vegen vidare for heile landet, sa ZERO-leiar Stig Schjølset under utdelinga.
Dobbel siger til Vestland
Seinare på dagen vann Langskip Næringslivets klimapris. Langskip er eit samarbeid mellom Heidelberg Materials, Hafslund Celsio og Northern Lights JV i Øygarden. Sistnemnde er ein del av hubben Energiparken.
Langskip vann Næringslivets klimapris 2025. Foto: ZERO / Kevin Dahlman
Vi gratulerer heile Vestland med siger💚
Jubelen sto i taket når Vestland fylkeskommune stakk av med sigeren for årets lokale klimatiltak 2025. Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune.