Ågotnes Maritime Cluster

 

Kva er målet med huben? 

CCB-basen på Ågotnes består av etablerte verksemder som leverer tenester primært til petroleumsindustrien og maritime næringar. Basen fokuserer på vedlikehald og klassifisering av riggar, fartøy og subsea-utstyr. Dei tilbyr i tillegg lagring, logistikk og hamnetenester. Bergen Havn har planar om å flytte godshavnen frå Dokken til Ågotnes i 2027 når Sotrasambandet er ferdig. Dette vil auke synergier, spesielt til den maritime og marine næringa i Øygarden.

Nøkkelprosjekt

Flytting av Bergen Hamn: Ved flyttinga av Bergen Hamn til Ågotnes i 2027 er planen å etablere ei av det første utsleppsfrie hamnene i Europa. Planen omfattar bruk av eit nettverk av elektriske og autonome båtar for transport av gods i regionen. Dette nye systemet vert integrert med den eksisterande infrastrukturen på Ågotnes, noko som gjer overgangen meir kostnadseffektiv og fremjer ein berekraftig hamneverksemd.

Fjordvarme og Energioptimalisering: CCB og Eviny har oppretta selskapet Øygarden Energi som undersøker moglegheitane for utbygging av lokale energiløysingar, mellom anna fjernvarme frå fjorden til oppvarming og avlasting for straumnettet.

Havvind: CCB med sin strategiske plassering og eksisterande infrastruktur, har potensial til å bli ein sentral aktør i havvindsektoren. Dypvannskai og erfaring frå offshore-industrien, gjer lokasjonen godt rusta til å handtere dei store dimensjonane og den komplekse logistikken knytt til utvikling og vedlikehald av havvindparkar.

Grøn skipsfart: Med sin etablerte verkseme og ekspertise har industriområdet har store moglegheiter til å bli ein viktig aktør innan grøn skipsfart, særlig retta mot supply- og petroleumsskipsfart. CCB har undersøkt moglegheitane for bunkring og bruk av hydrogen og ammoniakk for riggar og skip som ligg til kai.

Sentrale aktørar 

CCB

Bergen Havn

Equinor

Sotra Gruppen

TechnipFMC

Aker Solutions

 

Meir info om huben:

Forrige
Forrige

Hardanger Hydrogen Hub

Neste
Neste

Greenspot Mongstad