Hardanger Hydrogen Hub

 

Kva er målet med huben? 

Hardanger Hydrogen Hub er ei vidareutvikling av Ineos (tidl. Tizir) sine konverteringsplanar knytt til bruk av grøn hydrogen framfor kull. Her trengst det store mengder hydrogen og ein ser på moglegheita for å lagre hydrogen i havnebassenget. Utviklinga av lagringsteknologi under vatn er unik i global samanheng og kan sikre verda teknologi som bidreg til lagring av energi og bruk i periodar med stor etterspurnad.

Nøkkelprosjekt

Distribuering og lagring av hydrogen og oksygen: TechnipFMC utvikler lagring av hydrogen i Hardangerfjorden gjennom konseptet «Deep Purple». Systemet vil fungere som lager og buffer for energiproduksjonen. Det jobbast no med regulering av undervassareal og teknologi som utviklast vil ha eit stort globalt potensiale. Samtidig vil hydrogenet kunne brukast av nærliggande industri, som Boliden og Fluorsid.

Erstatte kull med hydrogen: En monaleg andel av hydrogenet vil brukast av Ineos, kor ein reknar med eit forbruk på 10 000 tonn årleg for å erstatte kull i produksjonen. Dette vil redusere CO2-utslipp med over 82 % og energibruk med 35 %. Samtidig vil det gjere det mogleg med ei produksjonsauke på 50 %.

Undersøker utvikling av avfall til ressurs: Huben jobbar med ulike løysingar for bruk av restenergi og oksygen, mellom anna til landbasert oppdrett.

Distribusjon av hydrogen og oksygen til maritime aktører: Stasjon for fylling hydrogen og oksygen til skip være ein fordel for Odda og Tyssedal som er ei travel hamn kor det ventast auka aktivitet framover.

Hydrogenproduksjon: Statkraft vuderer tiltak for å auke kraftproduksjonen i området slik at ein kan starte med produksjon av grøn hydrogen.

Aktørar 

Statkraft

TechnipFMC

Ineos

Fluorsid

Boliden

Odda Technology

 

Kontakt: 

Ingvald Torblå, Odda Technology 
913 59 028
it@oddatechnology.no

Sjå også:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hub for Minerals

Neste
Neste

Ågotnes Maritime Cluster