Årdal Teknologipark

One-pager som viser illustrasjon av den industrielle symbiosen i Årdal Teknologipark, og tekstbokser som forklarer teksten som står i artikkelen.

Onepager for Årdal Teknologipark som forklarer hubben på eit overordna nivå. Status frå april 2025.

Kva er målet med hubben?  

Årdal teknologipark omfattar dei to industribygdene Øvre Årdal og Årdalstangen og er sentrert rundt Hydro sin aluminiumsproduksjon og prosessindustrien. Hubben har stort potensial knytt til utvikling av klimavennleg prosessindustri i verdsklasse, utvikling av nye produkt og teknologi, og andre moglegheiter bygd på industriell symbiose.

Nøkkelprosjekt

Hydro er ein sentral aktør i den grøne omstillinga og har fleire tiltak som reduserer energibruk og utslepp. Gjennom ny teknologi som Smarte Skorpebrekkarar og forvarmingskammer basert på restvarme blir energien utnytta meir effektivt og CO₂-utsleppa redusert monaleg. Hydro planlegg å erstatte LPG med biogass, utviklar HalZero-teknologien for utsleppsfri aluminiumproduksjon, og pågåande  prosjekt der biokol blir testa som erstatning for fossilt karbon. Det blir jobba med optimal metode for CO₂-fangst (CCS) for å oppnå ytterlegare reduksjonar. I 2024 vart resirkuleringsanlegget opna – resirkulering av aluminium er essensielt for å redusere klimaavtrykket. Dette er nokre eksempel på tiltak som er i gang.

Prosessindustrien: Industrien i randsona av aluminiumsverket går også i takt med Grøn region Vestland sine mål. Elektrifisering av spesialkøyretøya som HMR lagar, utvikling av nytt anodeåk for redusert energiforbruk, Impec sine nye deksel som reduserer utslepp og har ca 50% av CO2-fotavtrykket mot dagens løysing er nokre eksempel.

Produksjon av miljøvennlege fôringrediensar: Fjordalg vil bruke fornybar kraft til produksjon av Astaxanthin, ein viktig mikroingrediens i fôr til laks. Det er planar om å inkludere Fjordalg i ein industriell symbiose ved å nytte spillvarme og CO2 frå andre prosessar. I arbeidet med å nytte spillvarme i industriell skala ser ein på andre biobaserte prosessar som kan gje proteinproduksjon til t.d. oppdrett med monaleg lågare CO2-fotavtrykk.

Nye biologiske prosessar: Pilotproduksjon til heilt ny prosessar som BioSpinOut One, som lagar fossilfrie fallunderlag er i gang, i gamle lokale til Hydro. Også her er målet å nytte spillvarme, sirkulær bruk av CO2, lokal prosesskompetanse/teknologi for å kutte kostnader for å oppnå reell marknadstilgang. Eit pågåande studie for å nytte restenergi i industriell skala for bruk til ny grøn vekst (+fjernvarme).

Teknologimiljø : Årdal sitt teknologimiljø er svært sterkt og er viktig for å oppnå måla til Grøn region Vestland. Nye innovative løysingar samt å nytte kompetansen til heilt nye prosessar og produkt er sjølve kjernen i arbeidet i hubben.

Aktørar i hubben:

  • Årdal Teknologipark, Årdal Utvikling, Sitep, SOK, Sogn Kompetanse

  • Hydro, HMR, Impec, Bilfinger

  • FjordAlg, BioSpinOut, BioAqualytics, Vivatec

  • Årdal Energi, Sogn Miljøkraft, Hydro Energi, Østfold Energi

Sjå meir info og kontaktinfo til Årdal Teknologipark her
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Grøn Hub Kvinnherad

Neste
Neste

Hub for Minerals