Hub for Minerals

 

Pila peikar på Nordic Mining sitt anlegg i Engebø, men fleire miljø og stader i Sunnfjord har viktige roller i Hub for Minerals.

Kva er målet med huben? 

For første gong på over 40 år vert det starta ny mineralnæring i Noreg. På Engebøfjellet i Sunnfjord kommune har Nordic Mining fått løyve til å utvinne titanråstoff. Nordic Mining, Sunnfjord og Askvoll kommune, samt Vestland fylkeskommune, står bak Hub for Minerals som skal arbeide for å utvikle leiande kompetanse innan bærekraftig mineralutvinning, og bygge ein mineralhub i Sunnfjord. Samarbeidet skal mellom anna fokusere på utnytting av restmineralar og å bygge eit leiande kompetansemiljø.

Nøkkelprosjekt

Verdas reinaste gruvedrift på Engebøfjellet: Engebø Rutile & Garnet har fått løyve til å etablere gruvedrift for rutil og granat i Sunnfjord. Rutil vert nytta til å lage titan og fargestoff, medan granat vert brukt til vatnrensing og skjæreprosessar. Selskapet har som mål å minimere påverknaden på natur og klima, samtidig som dei utnyttar reststoffa.

Sirkulær sement: Saferock har inngått ein intensjonsavtale for å saman utvikle eit prosjekt som ser på moglegheita til å bruke avfallsmassar fra mineralutvinninga på Engebøfjellet til å produsere sementbindingar. Dette har potensiale til å redusere CO2-utslepp med 80 prosent.

Sirkulære fundamenter: Restmassar kan òg nyttast som ballast i framtidige havturbiner.

Hub for Minerals vil bidra til verdiskaping i Sunnfjord: Mineralinkubatoren vil bidra til verdiskaping i nye eller etablerte verksemder i verdikjeda knytt til mineraler og bergverk.

Sunnfjord Geo Center: Sunnfjord Geo Center har fleire geologer med kompetanse innan leting av nye mineral.

Sentrale aktørar 

Sunnfjord Utvikling

Nordic Mining

 

Meir info om huben:

Kontaktperson Gunnhild Berge Stang:

gunhild.berge.stang@sunnfjord.no

Om Engebøprosjektet - Engebøprosjektet

Forrige
Forrige

Årdal Teknologipark

Neste
Neste

Hardanger Hydrogen Hub