Biohub Måløy

 

Kva er målet med huben? 

Næringslivet i Måløy er sterkt påverka av tradisjonelle kystnæringer som fiskeri, oppdrett og skipsfart. Tilgangen på leiande kompetanse innan desse sektorane, kombinert med innovative prosjekt som Lefdal Mine Datacenter og Stad skipstunnel gjer Måløy til ein lovande lokasjon for nye sirkulære forretningsmodeller dei kommande åra. Måløy er ein av Norges største fiskerihavner, og den maritime næringen her er langt fremme når det kommer til innovative nybygg og elektrifisering av skip. I tillegg har byen eit sterkt miljø for marin og maritim utdanning og forskning, og institusjoner som Sikkerhetssenteret, Måløy vgs., Fagskulen OKFH SA, Studiesenter Kysten og Måløy Vekst, som fasiliterar utnytting av eksisterande og innovativ næringer.

Nøkkelprosjekt

Stad skipstunnel: Ei utbygging av tunellen er venta å være av stor betydning for vekst og innovasjon i byggeprosessen, men også gjennom å kople kystmiljøa tettare saman. Skipstunnelen blir ein heilårsopen motorveg mellom hamnene på Vestlandet, og ut til dei Europeiske marknadane. Skipstunnelen gjer det meir attraktivt å drive næring på kysten, og lettare å rekruttere kompetanse til næringslivet. Steinmasser frå prosjektet skal brukast til fleire nye næringsareal som vil skape mange hundre nye arbeidsplasser i Måløy og regionen.

OFS Måløy: Eit landbasert oppdrettanlegg med kapasitet på 15 000 tonn matfisk i året er no under bygging. Prosjektet er venta ferdigstilt i 2026. Anlegget blir eit hybridanlegg der alle enhetene er uavhengige, og kan fungere både i resirkulering (RAS), gjennomstrømning og gjenbruk,

Babord nullutslipp slakteri: Babord ønskjer å bygge eit nullutslepp fiskeslakteri. Målet er å redusere fraktedistansane innan bearbeiding av fisk i Noreg.

Ecobait: FoU-bedrift som skal etablere fabrikk i Måløy for produksjon av bærekraftig agn til kommersielt line- og teinefiske, samt ekstruderte fôr-midler til FoU-formål. Ecobaits agn vil kunne erstatte bruk av høyverdig menneskemat som akkar og makrell til lineagn.

Aktørar 

Måløy Vekst

OFS Måløy

Ecobait

Babord

 

Meir info om huben:

Måløy Vekst

Kontaktperson:

Randi Humborstad, daglig leder Måløy Vekst

randi@maloyvekst.no - 977 57 394

Forrige
Forrige

Gloppen Biohub

Neste
Neste

Sogn Sirkulære Biohub