Sogn Sirkulære Biohub

 

Kva er målet med huben? 

Industriområdet på Kaupanger utanfor Sogndal er i dag eit stort og etablert næringsareal med over 60 verksemder som til saman har 1200 arbeidsplassar, og ein samla omsetnad på 2 milliardar NOK. I tillegg finn vi Vitensenteret ViteMeir i området, og det er kort veg til Sogndal kor det er eit sterkt kompetansemiljø med både høgskole og forsking. No er arbeidet i gang med å etablere ein sirkulær industripark i området. Dette sikrar auka utnytting av bioverdikjeda. I tillegg jobbar ein med etablering av kraftkrevjande industri grunna tilgjengeleg overskotskraft i området.

Nøkkelprosjekt

Utnytting av bioressurser: Are Treindustrier nyttar restprodukt for varme til fabrikken, og det er moglege med ei utviding av dette. I tillegg produserar Lerum store mengdar varme som kan nyttast av andre verksemder. Desse bedriftene er inngangar til eit biokretsløp kor ein i aukande grad skapar verdi av avfall på Kaupanger.

SIMAS waste-to-value: Simas har fleire satsingar, inkludert utgreiing av pyrolyseanlegg for biokol kor ein nyttar varmeoverskot og biogassanlegg som tilbyr gass til prosessindustri i Høyanger og Årdal. Simas deltek og i EU-søknader om bruk av oksygen frå hydrogenproduksjon i Årdal, og arbeidar med pyrolyse av vindmølleblad saman med Vest Resirkuleringssenter.

Tilgjengeleg kraft og transformator i bioparken: Regionen har kraftoverskot med tilgjengeleg kraft i huben for kraftkrevjande aktørar innan til dømes hydrogen- eller ein batteriverdikjede. Mellom anna har Sognekraft og Sogndal, Vik og Luster kommune oppretta selskapet Sogn Utvikling som undersøkjer korleis kraftoverskotet i Sogn kan nyttast til grøn industri.

Restråstoff frå landbasert oppdrett: Regionen har fleire aktørar med landbaserte anlegg, og det er interesse for bruk av fjernvarme og slam i eit mogleg biogassanlegg.

Aktørar 

  • Sogn Næring

  • Simas

  • Sognekraft

  • Lerum

  • ViteMeir

  • Are Treindustrier

  • Daco Mekaniske AS

 

For meir om huben, klikk her:

Kontaktperson:

Karoline Søvik Myklebust
prosjektleiar Sogn Næring
karoline@sognnaring.no
452 71 085

Forrige
Forrige

Biohub Måløy