Fjord Base Energy Hub

 

Kva er målet med huben? 

Fjord Base i Florø er Noregs største forsyningsbase for offshore-verksemd. Det er store ambisjonar på basen om å bli leiande innan havvind, maritim industri og havbruk. Aksello og Fjord Base AS har gjort ei kartlegging av moglegheiter for industriell symbiose på basen og har identifisert at det er store moglegheiter for gjennbruk av energi og oksygen. Saman med aktørane utanfor basen er det stort potensial for ny grøn vekst i Florø.

Nøkkelprosjekt

Grønt hydrogen til skipsfart: HyFuel har fått støtte frå Enova til å etablere eit anlegg for produksjon av grønt hydrogen til skipsfart.

Bunkringsanlegg for ammoniakk: På basen skal det byggast verdas første bunkringsanlegg for ammoniakk til skip.

Brenselceller for skip: Helinor Energy har etablert seg på Fjord Base og produserer brenselceller i containere som kan monterast på skip.

Landbasert oppdrett: Havlandet skal etablere landbasert oppdrett for yngel, settefisk og matfisk av typen torsk, samt matfiskanlegg for laks.

Slakteri for oppdrettsfisk: Det er planar om å bygge eit nytt slakteri for oppdrettsfisk i Florø.

Hub for havvind: Fjord Base posisjonerer seg som ein hub for samansetjing av havvindturbinar og flytere. I tillegg har Westcon Yards i Florø inngått kontrakt med SeaTwirl om fabrikasjon av stålkonstruksjonar til havvindturbinar.

Klimavennleg fôrproduksjon: På Ewos si fabrikk i Florø blir det utgreidd korleis auka elektrifisering av operasjonar knytt til fôrproduksjon kan redusere bruken av LNG i produksjon av damp.

Sentrale aktørar 

INC Gruppen

Aksello

HyFuel

Westcon

 

Meir info om huben:

Fjordbase.no

Forrige
Forrige

Energiparken

Neste
Neste

Hanøytangen Industrial Park