Energiparken

 

Kva er målet med huben? 

Nord i Øygarden kommune ligg Energiparken, med stort rom for ny grøn vekst. Her skal Statnett bygge ein ny transformatorstasjon, samt eit tredje kraftdsamband ut til Øygarden for å sikre kraft til prosjekta langs kysten. Med god tilgang på naturgass, infrastruktur for CO2-lagring og ein strategisk plassering for markedstilgang er Energiparken godt posisjonert for å ta ein leiande posisjon innan produksjon av blått hydrogen. Dette skapar moglegheiter for symbiose med andre verdikjeder, til dømes overskotsvarme.

Nøkkelprosjekt

Den første blå hydrogenproduksjonen i verda: H2 Production, eigd av CCB Energy, skal produsere blå hydrogen med integrert CO2-fangst. Dette er det første produksjonsanlegget av dette slaget i verda, og pilotanlegget starta opp i oktober 2023.

CO2 fangst fra luften (DAC): I Energiparken skal CCB Energy og Carbon Removal etablere storskala anlegg for å fange opp til 500.000 tonn CO2 årleg.

CCS – Northern Lights: I Energiparken er Northern Lights under bygging. Dette er det første mottaks- og deponeringsanlegg for CO2 i verda. Oppstart er forventa i 2024

Landbasert oppdrett: Blom Fiskeoppdrett ønskjer å etablere eit landbasert fiskeoppdrett på Okseneset, nord for Energiparken.

Oppdrett av rensefisk: Mowi har etablert oppdrett av rensefisk i området.

LNG prosessanlegg: Rett ved energiparken ligg Gasnor sitt prosessanlegg for gass. Via dette anlegget går ca. 40 prosent av all gasseksport. Anlegget gir Energiparken tilgang til gass, til dømes for produksjon av blått hydrogen.

Sentrale aktørar 

CCB Energy

Northern Lights

Mowi

carbonREMOVAL

 

Meir info om huben:

Forrige
Forrige

Lutelandet Energihub

Neste
Neste

Fjord Base Energy Hub