Lutelandet Energihub

 

Kva er målet med huben? 

Lutelandet har store ambisjonar om å ta ei leiande posisjon innanfor nye grøne verdikjeder. Med god tilgang på fornybar energi, mellom anna gjennom vindparken som er lokalisert på Lutelandet, og ein av Europas største djuphavnskaiar, er Lutelandet godt posisjonert til å realisere ny grøn vekst og nye arbeidsplassar.

Nøkkelprosjekt

Grøn hydrogen og ammoniakk: Htwo-Fuel planlegg å etablere eit storskala produksjonsanlegg for grøn hydrogen og ammoniakk til maritim transport. Med ein strategisk plassering midt mellom Bergen og Florø er Lutelandet godt posisjonert til å levere nullutslippdrivstoff til den maritime sektoren.

Jernpellets: Lutelandet blir vurdert som ein lokasjon for å bygge eit anlegg som skal omdanne jernmalm til DR-pellets. Jernpellets skal transporteres til eit produksjonsanlegg for grønt stål i Finland. Blastr Green Steel har skrive under på ei kontrakt signert LOI, med SFE for kjøp av kraft til anlegget. Fabrikken vil generere 120 arbeidsplassar direkte.

Landbasert oppdrett: Bue Salmon, tidlegere Bulandet Miljøfisk, ønsker å etablere eit landbasert oppdrett på Lutelandet. Det er søkt om produksjon av opptil 33.000 tonn laks og ørret. Anlegget kan utnytte reststoffer som spillvarme og oksygen fra hydrogenproduksjon, og til å realisere industriell symbiose i huben.

Samansetjing av vindturbinar: Med store tilgjengelege areal og ein strategisk plassering er samansetjing av vindturbinar ein mogleg framtidig forretningsmoglegheit.

Sentrale aktørar 

Lutelandet Offshore

Greenstat

Blastr Green Steel

Bue Salmon

 

Meir info om huben:

Lutelandet Offshore

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Greenspot Mongstad

Neste
Neste

Energiparken