Skipavika Innovation Park

 

Kva er målet med huben? 

Skipavika terminal og næringspark er eit næringsområde og ein maritim klynge med aktivitetar knytt til serviceoppdrag for skip og rigger, samt lagring og vedlikehald. Næringsparken ligg i Fensfjorden, og det er planar om etablering av nye grøne forretningsmoglegheiterr som vil skape nye arbeidsplassar og verdiskaping lokalt. Anlegget ligg ved ei stor djuphavnskai som gjer utskiping av varar effektivt. Det blir arbeidd med å klargjere tomta for nye verdikjeder, og steinmasser som er til overs blir mellom anna nytta som ballast i havvindsparker.

Nøkkelprosjekt

Ammoniakk til grøn skipsfart: SkiGA AS skal byggje Europas største fabrikk for grøn ammoniakk i Skipavika. Skipavika har sikra seg nok kraft til å gjere dette. Anlegget vil koste 4 mrd NOK, produsere 100.000 tonn utslippsfri ammoniakk årleg og vil skape 50 arbeidsplassar lokalt.

Landbasert fiskeoppdrett: Viking Aqua skal bygge fiskeoppdrett på land i Skipavika og bli landets største produsent av laks på land. Anlegget skal byggjast over to faser, der første fase skal stå ferdig i løpet av 2025 og siste fase i 2028. Oppdrettet har ein konsesjon på 33.000 tonn laks med moglegheit for utviding til det dobbelte. Etableringa av hydrogen- og amoniakkproduksjon i same område gir moglegheit for industriell symbiose gjennom utnytting av bi-produkt som hydrogen og restvarme.

Sentrale aktørar 

Viking Aqua

Skipavika Green Ammonia

Skipavika

 
Forrige
Forrige

Hanøytangen Industrial Park

Neste
Neste

Sløvåg Supersite Offshore Wind