Sløvåg Supersite Offshore Wind

 

Kva er målet med huben? 

Sløvåg industriområde har tatt posisjonen som leiande innanfor havvind i Noreg. Vindturbinane i havvindparken Hywind Tampen blei samanstilte i dette industriområdet. Industrihamna opplever stor vekst med fleire spennande satsingar. Med store tilgjengelige areal og dypvannskai er huben rigga for å vere sentral i vidare utvikling og utbyggin av havvind.

Nøkkelprosjekt

Fabrikk for havvind: Equinor og Wergeland Group planlegg å bruke Sløvåg som anlegget i Sløvåg til samanstilling av havvindturbinar. Delane til vindturbinane vert importert frå andre stader, men produksjon av flytare til havvindturbinane skal skje i huben

Testanlegg for havvindturbin: I industriområdet er det planlagt eit testanlegg for ein havvindturbin, med ein total høgd på 288 meter. Installert effekt vert 18 MW og turbinen vil levere strøm til heile industriområdet samt nesten 4000 husstander.

Vedlikehald for offshore fartøy: Industriområdet har store moglegheiter for å ta ein posisjon innan modifikasjon og vedlikehald av offshore fartøy og installasjonar, til dømes knytt til havvind.

Dekommisjonering av offshore installasjonar: Demontering og gjenvinning av offshore installasjonar som til dømes platformar og havvindturbinar, kan bli eit stort framtidig forretningsområde i Sløvåg.

Aktørar 

Wergeland Group

 

Meir info om huben:

Wergelandgruppen

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Skipavika Innovation Park

Neste
Neste

Stord Transition Hub