Stord Transition Hub

 

Kva er målet med hubben? 

På Stord er det eit leiande miljø innan bygging av store og kompliserte konstruksjonar, og bind saman leverandørindustrien i regionen, særleg gjennom Aker Solutions og Leirvik. Denne unike kompetansen og erfaringen frå olje- og gassoperasjonar i Nordsjøen, brukast no til å diversifisere drifta mot opphugging av plattformar, karbonfangstanlegg og akvakultur. I tillegg er Stord globalt leiande innan maritime «future fuels» og har eit unikt testsenter for lavutslipps framdriftssystemer.

Nøkkelprosjekt

Utviding av Energy House: Katapulten Sustainable Energy planlegg utviding av testsenteret med Energy House 2.0. Hit kjem aktørar frå heile verda for å teste brenselscelleteknologi, og med utvidinga doblast testkapasiteten. I tillegg vert det bygd fleire lokaler for maritime selskaper og akademia (HVL/UiB) for å skape ein delings- og kompetansearena med høgkompetente arbeidsplassar.

Hydrogenproduksjon: Allereie i dag er produksjon av 140 tonn grønt hydrogen årleg tilknytta senteret. Produksjonsanlegget er fleksibelt og modulbasert, og sikrer sirkulærøkonomi gjennom energi-gjenvinning og lagring.

Sammenstilling av vindmøller: På Tømmervika (Timberbay) vert det jobba med regulering av eit nytt areal for havvind.

Oppsirkulering av oljeplattformer: Aker Solutions bruker sin engineeringkompetanse til opphugging av plattformer og attvinning av metallet.

Bygging av CCS anlegg: Aker Solutions er også sentrale i konstruksjon av både landanlegget og subsea-systemet for CCS i Northern Lights-prosjektet i Øygarden.

Biogassproduksjon: Renevo på Stord produserer biogass og biorest frå avfall samla inn frå landbruk og fiskeri.

Konstruksjon av landbaserte oppdrettsanlegg: Leirvik vurderer nye forretningsområde, så som konstruksjon av energieffektive oppdrettsmodular for landbasert oppdrett.

Sentrale aktørar 

Sustainable Energy

Alltec

Hyds

Maritime Cleantech

Leirvik

Renovo

Aker Solutions

Wärtsila

Forrige
Forrige

Sløvåg Supersite Offshore Wind

Neste
Neste

Bømlo Fiskerihavn