Voss Biopark

 

Kva er målet med huben? 

På Bjørkemoen industriområde i Voss kommune er det planer for ein industripark med bioteknologibedrifter for industriell symbiose av biologiske ressursar. Ambisjonen er ein klimanøytral industripark ved bruk av sirkulærøkonomi kor ein skapar høgkvalitetsprodukter til det grønne skiftet, utan å skape nytt avfall. Med god tilgang på avfall frå jordbruk og hushaldningar er det stort rom for utvikling der ein går får avfall til ressurs i huben.

Nøkkelprosjekt 

Biogassanlegg: BIR har tatt avgjerda om å bygge eit biogassanlegg på Bjørkemoen på Voss. Det er venta at anlegget skal vere i drift i 2025/2026. Anlegget vil ta imot matavfall frå heile området der BIR handterer dette, og ha eit energipotensiale på 28 GWh. Biorestane som kjem i tillegg til biogass skal til dømes bli til forprodukter, gjødsel og andre aktuelle bioprodukter. BIR har fått tilskot fra Enova på 23 mNOK til utbygging av anlegget.

Larveproduksjon: Invertapro har eit pilotanlegg på Voss for produksjon av larver ved hjelp av matavfall. Larvane kan brukast til mat og fôrprodukt på ein berekraftig måte. Innan fôrprodukter kan larvane erstatte soya, og dermed ha ein positiv påverknad på klima og natur. Larvelort frå produksjonen kan brukast til å produsere gjødsel til lokale forbrukarar.

Oppsirkulering av bioavfall: Deler av bio-avfallet som ikkje brukast i biogassanlegget kan til dømes brukast til fôrproduksjon ved oppsirkulering.

Samarbeid rundt energiinfrastruktur: Bio-parken vurderer også kordan industriparken kan bli så sjølvforsynt som mogleg ved å samarbeide om lokale energiløysingar. Dette kan til dømes vere bruk av solcellepaneler, utnytting av overskotsvarme og sesonglagring av energi.

Aktørane 

Invertapro

BIR

Hardanger og Voss Næringshage

Kontakt: 

Ulrikke Hernæs
992 90 362
ulrikke.hernaes@bir.no  

For meir info: 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bømlo Fiskerihavn

Neste
Neste

Gloppen Biohub