Studietur styrka samarbeidet i biohubben
Luster kommune, Sogn Næring, Sogn Biohub og Sognefjorden Næringshage tok saman initiativ til ein studietur til Danmark i april for å læra om industriell symbiose. Målet med reisa var at aktørar frå Sogn skulle teke med seg ny kunnskap, inspirasjon og kontaktar, og motivera til samarbeid mellom aktørane i Sogn så dei saman byggar regionen som ein leiande aktør innan grøn industri.
Karoline Søvik Myklebust, fasilitator for Sogn Biohub, var reiseleiar for studieturen og hadde med seg representantar frå SIMAS, Luster Bondelag, Luster kommune, Sognekraft, Sogn Næring og EPOS Consulting. Nokre av aktørane er ein del av hubben, medan andre var med for å læra særs om bruk av overskotsvarme.
"Me ynskte fyrst og fremst å sjå på korleis danskane har løyst dette med overskotsvarme og attbruk av denne. Dette er relevant for kommunesenteret vårt i Gaupne ved etablering av eit KI-senter, men også regionalt i samband med dei ressursane SIMAS samlar inn frå alle seks kommunane", fortel Andreas Wollnick Wiese, ordførar i Luster kommune.
50 år med erfaringar
Første stopp på reisa var Kalundborg Symbiosis. Sidan 1972 har Kalundborg utvikla den første industrielle symbiosen i verda med ei sirkulær tilnærming til produksjon. Heile 17 verksemder og rundt 6.500 tilsette er til dagleg ein del av den omfattande symbiosen.
Med over 50 års erfaring med industriell symbiose var forventningane høge. Mette Wendel og Nadeja Ulstrup-Hansen frå Kalundborg Symbiosis delte gladeleg erfaringar med gjengen frå Sogn.
På omvisning hjå Kalundborg Symbiosis.
Nokre viktige poeng og lærepunkt frå Kalundborg var:
Industriell symbiose er å ta fleire små steg i rett retning. Ein startar ein stad og gjer det beste ein kan, men ein treng ikkje å ha alt heilt på plass for å komma i gang.
Det viktige når ein skal få ein industriell symbiose til å fungera handlar først og fremst om kommunikasjon og samarbeid, og ikkje berre fokusera på sine eigne problem og løysingar.
Den industrielle symbiosen er ikkje statisk. Det vil heile tida vera nye verksemder og ny teknologi.
I tillegg påpeika Wendel og Ulstrup-Hansen viktigheita av å ha rett tankesett for å verkeleg lykkast med industriell symbiose. Ein må godta at gevinstane ikkje alltid vil vera femti-femti. Av og til vil ein vinna på det, og andre gonger vil naboen vinna på det.
“Dersom ein er to bedrifter som skal inngå ein samarbeidsavtale kan ikkje begge nødvendigvis vinna like mykje på det både økonomisk og på miljøaspektet. Den eine vil tena meir enn den andre i første omgang - og det må vera greitt. Neste gong vil det kanskje vera motsett.”
Forretningsmodell med industriell symbiose
På dag to gjekk turen vidare vestover i landet til Skive, der GreenLab held til. Delegasjonen frå Sogn vart teken imot av Mathias Damgaard Mørch som gav ein grundig presentasjon om erfaringane dei har gjort seg, etterfølgde av ei omvising på område.
Ein viktig del av forretningsmodellen hos Greenlab har vore at kommunen brukte dei første 10 åra på å planleggja og leggja til rette. Når dei då var klar til å setja i gang, og oppretta eit AS med privat og offentleg samarbeid, tok det berre 5 år å få bygd alt. Forretningsideen deira er at dei plasserer bedriftene i nærleiken av kvarandre for å kunna knyta dei saman gjennom varme og energi. I tillegg har dei utvikla eit eige KI-system for energioptimalisering for alle aktørane i industriparken, «Digital Optimalization Platform».
Eit viktig poeng Mørch påpeika var at industriell symbiose må vera ei betre forretningsmoglegheit enn den førre, om ikkje skjer ho ikkje.
På omvisning hjå GreenLab.
Full av inspirasjon
Etter to dagar i Danmark er delegasjonen frå Sogn samstemd om at studieturen gav meirverdi. Ordføraren i Luster kommune fortel at han vart svært positivt overraska over utbyttet av studieturen. Dagny Alvik, direktør i det regionale miljø- og avfallsselskapet Simas, er ein av dei som jobbar aktivt med Sogn Biohub, og fekk også mykje utbytte av turen.
«Det var utruleg inspirerande å sjå kva dei har fått til innan industriell symbiose på dei stadane me besøkte. Eg sit igjen med ei større forståing for kva som faktisk skal til for å lykkast. Særleg arbeidsmåten i Greenlab opplevde eg som relevant for oss, med tanke på det stadiet me er på no i utviklinga av Sogn Biohub», fortel Dagny Alvik, direktør Simas.
Vidare fortel ho at noko av det mest verdifulle med turen var dei gode samtalane i gruppa. Begge dagane var det sett av tid til internt gruppearbeid slik at aktørane på reisa fekk bli endå betre kjent med kvarandre, og dei fekk tid til å diskutera korleis dei skulle jobba og samarbeide vidare heime i Sogn. Hub-fasilitator Karoline reiser tilbake til Noreg full av inspirasjon.
«Dei tinga eg tek med meg heim er nok spesielt det med at det er viktig å berre komma i gang med samarbeid og symbiose, og ta dei lavthengande fruktane først. Det har vore veldig inspirerande å sjå korleis dei har byrja og kor fort det kan gå når ein først er i gang. Det gir inspirasjon i jobben vidare", seier Karoline Søvik Myklebust, Sogn Næring.
Delegasjonen frå Sogn hjå GreenLab. Frå venstre: Frøya Rydland Aase (Sogn Næring), Dagny Alvik (SIMAS), Claus Moe (Luster Bondelag), Andreas Wollnick Wiese (Luster kommune), Ole Gunnar Krakhellen (Luster kommune), Terje Bakke Nævdal (Sognekraft), Karoline Søvik Myklebust (Sogn Biohub), Magnar Bjørk (EPOS Consulting) og Tiril Amalie Johansen (Grøn region Vestland).