Oppdatert oversikt over hubbane er lansert
Sidan Vestlandsporteføljen 2.0 vart lansert på tampen av 2023 har mykje skjedd. I heile 2024 har det vore jobba iherdig med industriell symbiose og overgangen til sirkulær økonomi både i hubbane og i heile økosystemet i Vestland. Vi har nyleg gjennomført ein statusgjennomgang med alle hubbane, og no får de sjå eit heilt nytt sett med one-pagere – ein for kvar hub – med status, milepælar og planar framover. Desse "one-pager"ane er ikkje eit djupdykk i kvart prosjekt, men eit oversiktsbilete: Ein oppdatert status for kvar av dei 19 hubbane, med fokus på kva dei står i akkurat no. Merk at ting endrar seg fort, nye ting skjer og nye planar kommer til. Denne oversikta er derfor dynamisk og vil oppdaterast sporadisk.Lansering
Tysdag 20. mai lanserte vi den oppdaterte informasjonen om hubbane gjennom eit opent webinar. Opptaket av webinaret kan du sjå under. Her får du ein kort forklaring av kvar av dei 19 hubbane. Fylkesordførar Jon Askeland opna webinaret med å skryte av jobben som er gjort hos alle hubbane og resten av økosystemet rundt i heile Vestland. - Vi har oppnådd 90 milepæler i hubbane våre sidan starten, og til saman har hubbane sett endå over 100 milepålar som skal oppnåast innan utgangen av 2027. Dette visar kva for fart vi klarar å ha i det grøne skiftet i Vestland, seier Jon Askeland.Både fylkesordføraren og prosjektteamet i Grøn region Vestland er stolte over framdriften ute i hubbane og kva dei får til. Klikk på boksen under for å sjå den oppdaterte oversikta.
Tidspunkt i webinaret:
00:00 - introduksjon ved prosjektleiar i Grøn region Vestland03:43 - Velkomst ved fylkesordførar Jon Askeland10:00 - Presentasjon av hubbane10:48 - Bømlo fiskerihavn12:01 - Biohub Måløy12:45 - Voss Virka13:50 - Biohub Fjordane14:45 - Sogn Biohub17:07 - Energiparken18:56 - Fjord Base Florø Energy Hub20:19 - Hanøytangen Industrial Park21:40 - Greenspot Mongstad23:28 - Lutelandet Energihub24:47 - Skipavika Innovation Park25:41 - Sløvåg Supersite Offshore Wind27:23 - Stord Transition Hub29:07 - Ågotnes Maritime Cluster31:01 - Grøn Hub Kvinnherad32:12 - Hardanger Hydrogen Hub33:05 - Hub for Minerals34:13 - Sirkulære Høyanger35:48 - Årdal Teknologipark38:00 - Refleksjon og oppsummering