Frå umogleg til mogleg: gründerbedrifta Gjenkraft blir verdas første

I Høyanger blir det no skrive eit stykke norsk industrihistorie. Gründerbedrifta Gjenkraft er i ferd med å setje i drift verdas første kommersielle fabrikk som resirkulerer vindmølleblad i industriell skala – og det skjer midt i hjartet av Sirkulære Høyanger, ein av hubbane i Grøn region Vestland.

– Anlegget står klart, og vi set på straumen før nyåret. Då nærmar vi oss oppstart for alvor, fortel Svein Tore Torvund, CFO i Gjenkraft.

Dei første operatørane er alt på plass og har vore med i installasjonsfasen. Når fabrikken i Høyanger no startar opp, betyr det også nye arbeidsplassar lokalt. Til no har dei sju tilsette ved anlegget i Høyanger. Dette er lokale arbeidsplassar i eit industriområde med sterk tradisjon og kompetanse.

Oppkappede vindmølleblad klar til resirkulering utenfor fabrikken i Høyanger.

Vindmølleblad klar til å resirkulerast i Høyanger. Foto: Gjenkraft

Frå umogleg utfordring til industriell løysing

Eventyret starta i 2020, då fire gründerar – to av dei frå industrimiljøet på vestlandet - bestemte seg for å utfordre eit tilsynelatande uløyseleg problem: korleis resirkulere turbinblad av komposittmateriale.

– Vi såg på vindmølleblada og tenkte: dette er jo umogleg å resirkulere. Så vi testa – og fekk gode resultat. Då såg vi at det faktisk var mogleg likevel. Vi ville teste det ‘umoglege’, fortel dei.

Stein for stein bygde dei opp selskapet, og kombinerte lokal industrikompetanse med eit solid vestlandsk pågangsmot.

– Vi er folk som har vakse opp med industri. Vi tør å ta risiko, framfor å venta på den ‘perfekte’ prosessen. Det handlar om å tørre å ta steget, seier Torvund.

Teknologien til Gjenkraft gjer det mogleg å hente ut att glasfiber og andre verdifulle materialar frå kasserte vindmølleblad – materiale som i dag som oftast blir grave ned, brent eller brukt som fyllstoff i betong. Målet er å resirkulere opp mot 100 prosent av innhaldet, og gjere det om til nye råvarer. Likevel kjem det ikkje utan utfordringar å jobbe i eit nytt og umodent marknad.

– Det mest krevjande er å bygge verdikjeda for å få omsett dei materiala vi produserer. Å skaffe avfall er uproblematisk – det er å skape marknaden som tek tid, forklarer Gjenkraft.

Styrka i Høyanger

Gjenkraft har vore ein del av hubben Sirkulære Høyanger sidan starten, og det er ikkje tilfeldig at eit slikt gründerselskap veks til i ein industristad som Høyanger.

– Vi har absolutt fått mykje att for å vere her. Dei som bur og jobbar her har jobba med industri heile livet. I Høyanger finst det industrikompetanse, arbeidskraft og tilgang på kraft, fortel dei.

Det er tydeleg at dei er gode på mykje i Høyanger, for det er heller ikkje første gongen dei kan melda at dei er først i verda på noko innanfor industri: – Det er alltid moro når bedriftene ein jobbar med lykkast. Frå før har vi verdas første resirkuleringsanlegg for aluminium i hubben Sirkulære Høyanger, og no kjem Gjenkraft/Vest resirkuleringssenter med det første anlegget for resirkulering av vindmølleblad. Spesielt kjekt med lokale gründarar som står bak ide og er primus motor og pådrivarar, seier Ingrid Heggø, næringssjef i Høyanger.

Heggø påpeiker vidare at dei håpar verkemiddelapparatet og andre premissleverandørar kjenner si besøkstid og bidreg til at dette vert den suksessen det fortenar.

Utviklinga av godt miljø for samarbeid

Ifølge Svein Tore Torvund har vi ein god kultur for samarbeid i Noreg som gjer det mogleg å få til ting, men slik har det ikkje alltid vore.

– Grøn region Vestland har hatt ei stor betydning i forhold til å skape eit godt miljø for samarbeid, seier han.

 I følgje Gjenkraft har det hatt mykje å seie å ha ein regional aktør som Grøn region Vestland på sidelinja som har anerkjent dei som selskap på vegen. Den menneskelege støtta og regionale forankringa har vore viktig:

–Vi har blitt framsnakka og heia fram, og fått knytt mange viktige relasjonar. For ein gründerbedrift betyr den mentale og mellommenneskelege støtta enormt mykje, seier Svein Tore Torvund.

“For ein gründerbedrift betyr den mentale og mellommenneskelege støtta enormt mykje”, fortel CFO i Gjenkraft, Svein Tore Torvund.

Nokre år tilbake trudde ein at vindmølleblad ikkje kunne resirkulerast. No har Gjenkraft vist at det er mogleg. Det er ikkje lenger eit uløyseleg problem – og løysinga kjem med ei stor samfunnsnytte. Med teknologi, mot og samarbeid har Gjenkraft vist korleis ein liten gründeridé frå Høyanger kan bli til ei internasjonal industriløysing, og korleis sirkulær verdiskaping i praksis kan byggje både arbeidsplassar, miljøgevinst og framtidstru.

Slik ser det ut frå innsida av den gamle Fundo-fabrikken i Høyanger - som no husar ny industri. Foto: Gjenkraft

Neste
Neste

Nytt treårig prosjekt frå 2026