Nytt treårig prosjekt frå 2026
Det politiske hovudutval for næring seier seg nøgd med resultata frå prosjektet Grøn region Vestland, og har gitt si tilslutning til ambisjonane for eit nytt treårig prosjekt med oppstart 1. januar 2026. Det viktige arbeidet i hubbane i Vestland held fram.
Basert på erfaringane med den metodologien og strukturen som er etablert gjennom Grøn region Vestland og dei resultata som er oppnådde, har fylkesdirektøren vedteke å vidareføre satsinga i form av eit nytt treårig prosjekt. Den overordna ambisjonen for det nye prosjektet skal vere å auke konkurransekrafta nasjonalt og internasjonalt for næringslivet i Vestland gjennom innovasjon, reduksjon av utslepp, sirkulære løysingar og utvikling av utsleppsfri teknologi.
Hovudutval for næring oppmodar óg i vedtaket at Vestland fylkeskommune tek ei aktiv og samordnande rolle mellom Forsvarsdepartementet og leverandørindustrien i fylket. Dette for å koma i posisjon som leverandør til forsvarsinvesteringa som er vedteken.
Du kan lesa heile saksfremlegget gjennom linken under.
Bård Sandal under hub-samlinga i september da han annonserte nyheiten om nytt treårig prosjekt for Grøn region Vestland.