Høgt engasjement under årets hub-samling
17. Og 18. September var det duka for årets store hub-samling midt under InnvasjonsukenOPP. Over 100 deltakarar inntok Marinehagen for to dagar med fagleg påfyll, nettverksbygging og gode diskusjonar.
Gruppebilete av deltakarane på hub-samling med Grøn region Vestland. Foto: Oskar Nygård Havre
Fylkesordførar Jon Askeland opna hub-samlinga med gladmeldinga om at Hovudutval for næring har slutta seg til ambisjonane for eit nytt treårig prosjekt for Grøn region Vestland med oppstart 1. januar 2026. Vidare på programmet fekk me inspirasjonsforedrag frå teknologifilosofen Anders Indset, innlegg frå Helene Frihammer om NHOs versjon av Draghi-rapporten, direktør i Invest in Norway, Gard Madsen, fortalde om internasjonale moglegheiter og Bård Sandal, leiar næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune, snakka om leiarskap i grøne hubbar.
“Når du ikkje kan leia gjennom å gje ordrar, styra gjennom struktur, linjeansvar og makt - må du leia gjennom relasjonar. Byggja tillit, respekt og samarbeid”
Den første dagen av hub-samlinga vart avslutta med ein samtale på scena om ulike perspektiv i industriell symbiose. Korleis drive fram omstilling og endring? Og korleis handterer du at gründer-bedriftene i bygda har heilt ulik delingskultur? Dette diskuterte Atle Dåvøy i GCE Ocean Technology (tidlegare hub-fasilitator), Emelie Eriksen frå NORCE og Grete Rusten frå UiB på scena saman med hub-koordinator i GrV Tor Martin Misund.
Kathrin Jakobsen, seksjonsleiar forsking, kompetanse og internasjonalisering i Vestland fylkeskommune, fekk også med seg ein gjeng på scena dag to for å snakka om framdrift i ei verd i endring.
Erfaringar frå hubbane
Under hub-samlinga fekk me også høgre frå tre av hubbane om korleis det er å stå i omstilling over tid. Ingrid Heggø, næringssjef Høyanger, fortalde om omstillinga og resultata frå Sirkulære Høyanger. Heggø snakka om korleis Høyanger næringsutvikling sidan 2018 har stått i spissen for eit systematisk arbeid for at Fundo-bygget skulle bli ein smeltedigel for entreprenørskap og innovasjon, kor nye berekraftige næringar blir støypte.
Administrerande direktør i Vireo, Reinhard Lund-Mikkelson, fortalde om korleis det er å etablera seg i ei ny verdikjede. Vireo, Hardanger biogass, er første nyetablering i Grøn Hub Kvinnherad. Dei fekk løyva til drift av biogassanlegg i november 2024. I april 2025 kunne dei melda at dei var byggjeklare. No i september er arbeidet godt i gang.
Arne Ottesen frå Leirvik snakka om kva som skal til for at Leirvik skal gjera om kompetanse og erfaring om bruk av aluminium for offshore-installasjonar – til marine kontruksjonar. Leirvik er kjend for å byggja offshore bustadsmodular, men frå 2019 satsar dei også på havvind, infrastruktur og akvakultur.
Ingrid Heggø, Reinhard Lund-Mikkelson og Arne Ottesen på scena for å dela erfaringar.
Interaktiv økt med eiga industriell symbiose-spel
Felles for alle hubbane i Grøn region Vestland er at dei alle jobbar med strategien industriell symbiose. Dette er ein krevjande prosess som krev godt samarbeid. For å leggja til rette for utveksling av erfaringar og viktige diskusjonar knytte til industriell symbiose, fekk deltakarane bryna seg på eit spel i grupper. Dette spelet drog deltakarane gjennom tre fasar; masterplan, etablera industriell symbiose og oppretthalde industriell symbiose. Alle fasane inneheldt ei rekkje diskusjonsspørsmål baserte på tidlegare innhenta informasjon frå hubbane. Det vart engasjerande diskusjonar rundt bordet, a-ha opplevingar og kanskje ei djupare felles forståing for kva ein står i i ein hub.
Spel om industriell symbiose utvikla av Grøn region Vestland.
Tusen takk til alle som bidrog under årets hub-samling og alle som deltok!






Foto forside: Oskar Nygård Havre
Alle andre foto: Grøn region Vestland