Ny nasjonal utlysing for katapultsenter innan havbruk
I august 2025 blir det lyst ut eit nytt katapultsenter med spissing mot havbruk. Senteret skal ha eit nasjonalt mandat og vere ansvarleg for å utvikle katapultområdet på nasjonalt nivå – dette er altså ikkje ei regional satsing. Målet er å etablere eit senter som er leiande innan sitt domene, med internasjonalt leiande bedrifter som ein del av partnarskapet. Det er ei forventing om at dei store oppdrettsselskapa skal vere med i konsortiet, og fôrindustrien vil òg bli ein viktig del av satsinga.
Senteret skal organiserast med ein fasilitator som administrerer klynga, og eit solid partnarskap som kan tilby den kompetansen og kapasiteten som norsk næringsliv treng for å utvikle seg vidare. Meir informasjon vil komme på nettsidene til SIVA, siva.no, i løpet av sommaren.
Informasjon om utlysinga
Sjølve utlysinga er venta i slutten av august, og den vil innehalde omfattande informasjon om krav og forventningar. Det er derfor viktig å lese den grundig! Søknadsfristen vil vere mot slutten av oktober 2025.
SIVA vil arrangere to søkarwebinar for å gi rettleiing til interesserte miljø. Vurdering og utveljing skjer i løpet av fjerde kvartal, og kontraktane blir inngått i desember. Ambisjonen er å ha det nye katapultsenteret på plass frå 1. januar 2026.
Vestland fylkeskommune ser gjerne at det nye katapultsenteret for havbruk kjem i Vestland, men fylkeskommunen har ikkje ei formell rolle i denne prosessen. Vi oppmodar aktørar som vurderer å søkje om å samle seg i sterke konsortium, og set pris på å bli haldne orienterte om planar og initiativ.