Kva skjer? Rapport frå det grøne skiftet i Vestland

Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt eigd av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg Vestland i fellesskap. Prosjektet skal hjelpe industrien i Vestland med omstilling slik at Vestland og Noreg kan nå sine mål om kutt i klimautslepp, fleire nye grøne jobbar og auka eksport. Gjennom prosjektet er det identifisert 19 grøne hubbar ulike stader i fylket kor det er eit særleg potensiale for industrien til å utvikle produkt og verdikjeder basert på strategien industriell symbiose. Prosjektet har som mandat å arbeide med korleis næringslivet, styresmakter og verkemiddelapparat saman kan realisere omstilling i desse 19 grøne hubbane, kor vi finn 300+ einskildprosjekt innan åtte verdikjeder. Kva skjer no i dette prosjektet?

Kva skjer i hubbane?

Klimapartnarskap fyllast med innhald – Rundebordskonferansen del II

Grøn region Vestland har no gjennomført to rundebordsamtalar har dei største industrielle knutepunkta i Vestland. Den andre rundebordskonferansen fann stad på Næringslivets Hus (NHO) i Oslo no i juni. Her har vi saman med  regionale og nasjonale politikarar og arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar diskutert kritiske suksessfaktorar og barrierar for å lykkast med utsleppskutt og verdiskaping. Mellom dei som var til stades fann vi næringsministeren Cecilie Myrseth, arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna og leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum.

Leiarar frå industrien i Vestland framheva fleire tiltak som viktige.

Dei ba om eit  CO2-fond etter mønster frå tilsvarande fond i EU, det vil seie at CO2-avgifta bør gå til eit fond som finansierer klimatiltak. Dei peika vidare på at styresmaktene må sikre at ordninga med frikvoter er organisert slik at den faktisk stimulerer til utsleppskutt.

Til slutt la dei vekt på at tilgang til meir kraft og fornybar energi er ei heilt avgjerande føresetnad for å komme i mål med den grøne omstillinga av industrien i Vestland. Ein sentral del i det grøne skiftet er overgang til bruk av hydrogen som energibærar i ulike samanhengar. Industrien er klar til å ta avgjerdene om produksjon og bruk hydrogen om rammevilkåra vert lagt til rette frå sentrale styresmakter, så som differansekontraktar.

Kompetanse er ein annan nøkkel for å nå måla. Det trengs systematisk utvikling av kompetansen i alle ledd i industrien. Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum var mellom dei som var inne på dette i sitt innlegg på del II av rundebordskonferansen då han tok opp kor viktig det er med kompetanse, endring og øving på ein ny kvardag også mellom fagarbeidarane som står midt i produksjonsprosessane.

Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum, var mellom dei som var med på Rundebordskonferansen 2.0

Kick-off og oppstart for Sogn Sirkulære Biohub

Sogn Sirkulære Biohub har hatt oppstart og kick-off. Det skjedde samtidig med opninga av Vitenparken tilknytt vitensenteret ViteMeir. I denne hubben er målet å utnytte ressursar i biologisk materiale frå trelast og avfall. Dette skal gje grunnlag for produksjon av biogass, som igjen vil kunne nyttast av industrien i Årdal og Høyanger. Selskapet Sogn Utvikling skal arbeide vidare med korleis energien i området kan bli tilgjengeleg for grøn industriutvikling. Du kan lese meir om planane dei har i Sogn Sirkulære Biohub her: Sogn Sirkulære Biohub

No er dei altså i gang, og saman med Vitenparken / Vitensenteret ViteMeir som dei er nabo med i Kaupanger hadde dei kick-off og opning med ein smell, eld og røyk.

Frå opninga av Vitenparken utanfor ViteMeir under Sogn Sirkulære Biohub sin kick-off i Kaupanger.

Opning av Bømlo Fiskerihamn, 21.juni

Bømlo Fiskerihamn sin molo er no opna.

Fylkesordførar Jon Askeland hadde oppdraget med å klippe snora og opne eit unikt prosjekt som viser kva ein kan få til når næringsliv, fylkeskommune, kommune og stat samarbeider. Grøn region Vestland gler seg over milepelen og ser fram til vidare samarbeid for fleirbruk, gjenbruk og sambruk av viktige ressursar når arealet no skal bli til endå meir verdiskaping og fleire grøne arbeidsplassar!

Fylkesordførar Jon Askeland under opninga av Bømlo Fiskerihamn

Foto: Vestland fylkeskommune og Mari Pedersen Totland

Aktuelle tilskot og anna nytt frå verkmiddelapparat/VLFK/IN

Samarbeid med FORREGION

Ein samtale med FORREGION kan vere ein smart investering, for slik kan ein lukkast enno betre med sine søknader om ulike verkemiddel, og i tillegg identifisere aktuelle samarbeidspartnerar. I FORREGION sit dei på mykje kunnskap om kva som skjer innan forsking og kompetanseutvikling. Dei bidreg gjerne inn i konkrete prosjekt eller med meir overordna råd og sparring.

 

FORREGION Vestland hjelper bedrifter med innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling gjennom bruk av forsking og utvikling av kompetanse.

Gjennom satsinga kan bedrifter få gratis rådgjeving frå ein kompetansemeklar.

Kompetansemeklaren kan hjelpe til med å identifisere forskings- og kompetansebehov , finne forskings- og utdanningsleverandørar/-tilbod , utvikle forskings- og kompetanseprosjekt  og finne finansieringsordning.

FORREGION Vestland tilbyr også eit par typar mindre finansieringsordningar innan forsking og kompetanse, som til dømes forprosjektmidlar og mobilitetsordningar.

 Kontaktperson for FORREGION er Rannveig Litlabø, ho treffast på Tel: 53 49 13 85, eller e-post: Rannveig.Litlabo@hvl.no

Utlysning for senter for forskningsdrevet innovasjon, (SFI)

Forskingsrådet har no opna ordninga med støtte til senter for forskingsdrevet innovasjon. Frist for å levere ein skisse er 18. september. Skissa skal innehalde ei beskriving, samt avtalar mellom partnarane.

For nærare opplysingar, ta kontakt med Charlotte Gannefors Kraft på e-post: charlotte.krafft@energiomstillingvest.uib.no

 

Om ordninga:

  • SFI skal styrke innovasjonsevna i norsk næringsliv gjennom forsking som svarer på langsiktige behov, utfordringar og framtidige moglegheiter for verdiskaping. Forskinga skal skje i eit forpliktande og langsiktig samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og bedrifter, gjerne også i samarbeid med offentleg sektor. Forskinga skal være på høgt internasjonalt nivå og gi grunnlag for innovasjonar og auka verdiskaping i norsk næringsliv.

  • Forskinga i senteret skal gjennomførast av forskingsorganisasjonar i forpliktande samarbeid med relevante aktørar i norsk næringsliv og offentleg sektor. Sjå nærare omtale av samarbeid og roller i dokumentet Krav og retningslinjer for nærings- eller samfunnsretta forskingssenter.

  • Søknaden skal være strategisk forankra hos alle samarbeidspartnarane. 

  • Senteret skal ha tre eller fleire finansierande samarbeidspartnarar som ikkje er forskingsorganisasjonar, desse omtalast som brukerpartnarar. Det må alltid vere med private bedrifter som brukerpartnarar. Senteret kan også ha utanlandske brukerpartnarar. Det må dokumenterast korleis eventuelle utanlandske brukerpartnarar vil bidra til å nå måla til senteret. 

  • Alle brukerpartnarar skal delta aktivt i finansiering og forsking og må ha ein betydeleg, eigen innovasjonsverksemd og evne til å utnytte forskingsresultat i utviklinga av sin verksemd.

  • Alle samarbeidspartnarar skal bidra aktivt i planlegging, oppfølging og spreiing av resultat frå senteret og til å sikre at ny kunnskap blir tatt i bruk. 

  • Senteret skal ha eit styre kor fleirtalet av medlemmane og styreleiar kjem frå brukerpartnarane.

Sjå meir her: Innovasjonsprosjekt i næringslivet 2024 (forskningsradet.no)

Samarbeidsprosjekt for utvikling av sirkulære verdikjeder 2024

Dette er ei stønadsordning frå Innovasjon Norge / Norwegian Innovation Clusters.

Ordninga retter seg mot små og mellomstore bedrifter som kan søkje åleine eller i samarbeid gjennom klynger eller i samarbeid med større bedrifter eller offentlege aktørar.  Det vert oppmoda til samarbeid med kompetanseaktørar som katapultar, universitet og liknande.

Målet med ordninga å støtte utviklinga av sirkulære løysingar i næringslivet, uavhengig av bransje, kor ein får til betre utnytting av ressursar, auka bruk av re- eller oppsirkulerte råmaterialar, lågare forbruk av jomfruelege materialar, kutt i CO2-utslepp, mindre avfall og lågare energiforbruk.

Bedrifter som vil søke må levere skisse til løysing innan 4. september 2024.

Sjå meir om ordninga her:

Skisseutlysning for "Samarbeidsprosjekter for utvikling av sirkulære verdikjeder 2024"

Viktige ting som skjer framover i Grøn region Vestland

Arendalsuka:

Grøn region Vestland  er med Arendalsuka 2024. Her vil vi vere med på det felles opplegget til Vestland fylkeskommune og andre aktørar frå fylket.

Tysdag, 13. august blir det frukostmøte om og med Grøn region Vestland der mellom andre fylkesvaraordførar Stian Davies og avdelingsdirektør Bård Sandal i Vestland fylkeskommune vil vise korleis Grøn region Vestland støttar, oppmuntrar og hjelper industrien i fylket med den grøne omstillinga.

Sjå meir om frukostmøtet her: Arendalsuka - View

ONS i Stavanger

Grøn region Vestland er med under den store energimessa ONS i Stavanger, som ein del av området til Vestland fylkeskommune - hall 7, stand 7180.

Kart over messeområdet der Vestland fylkeskommune og Grøn region Vestland er under ONS

Digitalt grønt webinar Vol 1

Den 23. august opnar Grøn region Vestland sin digitale møteplass hausten 2024. Den vil veksle mellom ein møteplass for folk med tilknytning til verksemder og hubbar, og andre aktørar, styresmakter og gode hjelparar. Utgangspunktet er alltid korleis vi jobbar med dei barrierane.

Tema den 23. august blir stønadsordningane til Enova.

Meir informasjon om vår digitale møteplass kjem seinare, men sett av datoen og tidspunktet kl 8:30-10:00 allereie no.

Digital HUB-samling Vol1

Den 20. september vert det digitalt møte for hub-fasilitatorar, samt aktørar dei meiner er viktige å ha med. Målet er å skape eit forum på tvers av hubbar for å lære raskare - saman. Sett av datoen  og tidspunktet kl 8:30-10:30 allereie no.

Vi ønskjer alle ein riktig god sommar og ser fram til fortsatt godt samarbeid til hausten!

Forrige
Forrige

Søk stønad til bedriftslading for tunge køyretøy

Neste
Neste

Søk støtte til utvikling av sirkulære verdikjeder