Ressurseffektivitet = konkurransekraft
Korleis kan ein samarbeida om ressursane for å skapa større verdi saman? Det krev ny forretningsforståing og nye nettverk - akkurat det me no ser veksa fram i Vestland. Her har me nemleg fleire eldsjeler som brenn for å skapa noko nytt og betre ved å tenkja innovativt rundt ressursane.
Nettopp det tok me med oss til Kongsberg Agenda førre veka for å spreia vidare. Med overskotsvarme som raud tråd løfta me fram industriell symbiose som framtidas forretningsmodell og konkurransekrafta som ligg i strategien, saman med NITO.
Ingvald Torblå, mannen bak Hardanger Hydrogen Hub, teikna det store biletet med eit historisk tilbakeblikk og peika på potensialet i å tenkja større, og at den norske industrien må byggja nytt med systema me allereie har
Frank Øvstetun viste konkrete døme frå Årdal Teknologipark på korleis ein kan bruka overskotsvarmen til nye produkt - som til dømes nye typar fallunderlag som erstattar eksisterande fallunderlag på leikeplassar beståande av plast som går sund.
Norsk Hydro er hjørnesteinsbedrift i fleire av hubbane i Vestland, og er allereie i gang med å utnytta overskotsvarme. Linn Helland løfta fram konkrete tiltak frå Hydro og peika på kva barrierar dei møter.
Mental omstilling for å få det til
Men kva skal så til for å verkeleg få industriell symbiose opp og gå? Dette diskuterte fagsjef i Norsk Industri, Jørgen næsje, Alfred Bjørlo frå Næringskomiteen på Stortinget, Linn Helland frå Norsk Hydro og Ebbe Lind Kristensen frå COWI i ein paneldebatt leia av Safina de Klerk, visepresident i NITO. Det vart mellom anna nemnt at me treng ei stor mental omstilling, finansiering for å få på plass infrastrukturen som krevst, føreseielegheit og eit behov for ei felles samarbeidsplattform.
Dansken Ebbe frå COWI utfordra mellom anna på at me må bruka krisane aktivt til å sjå moglegheiter. Oljekrisa på 1970-talet tvinga fram innovasjon og samarbeid i Danmark, medan ting stod stille i Noreg.
Å samla så mange ulike perspektiv, erfaringar og idear – og sjå kva som skjer når dei faktisk møtest – er noko av det mest verdifulle ved slike arrangement. Blikka blir løfta saman, og nye løysingar oppstår og samarbeid kjem til. Det er ikkje teknologien som manglar - det er samspelet.