Om Grøn region Vestland

Grøn region Vestland er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt eig av Innovasjon Noreg og Vestland fylkeskommune.

Prosjektet er satt opp for å støtte, oppmuntre og hjelpe industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga med lågare CO2-utslepp, auka fastlandseksport og fleire grøne jobbar.

For å realisere målet i prosjektet har vi saman med industrien identifisert omstillingsprosjekta dei er i gang med.

Første gang dette skjedde var i 2021, då fann vi 250 prosjekt. I desember 2023 lanserte vi ei oppdatering av desse prosjekta gjennom Vestlandsporteføljen 2.0.

Kva har skjedd tidlegare?

Første del av Grøn region Vestland vart ferdigstilt i desember 2021 og gav oss hovudrapporten Vestlandsporteføljen(PDF), ei oversikt over dei grøne næringsmoglegheitene vi har i fylket. Dette prosjektet bygde vidare på Vestlandscenarioene (PDF), eit analyseprosjekt frå 2020.

I Vestlandsporteføljen vart meir enn 250 innovasjonsprosjekt kartlagde og det vart peika ut 16 hubar med stort potensiale for grøn næringsutvikling og industriell symbiose. Vestlandsporteføljen peika også ut fire kritiske kampar vi må samle kreftene om, for å få opp farta på den grøne omstillinga i Vestland.

Organisering

Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge er prosjekteigarar, medan Næringsforum Vestland er styringsgruppe. Prosjektet har no fått rigga ein særskild prosjektorganisasjon med prosjektleiar tilsett i Innovasjon Norge medan kommunikasjonsrådgjevar er tilsett i Vestland fylkeskommune. I tillegg er andre ressurspersonar hos begge prosjekteigarane tilknytt prosjektet.

Verdiskaping, utslepp og behov for endring

Vi så at dei plassane i fylket som har størst verdiskaping i mange tilfelle er mellom dei største enkeltutsleppa av CO2 i fylket. Samtidig fann vi og at dei same områda hadde det største potensialet for auka verdiskaping.

Med bakgrunn i planane industrien hadde og korleis dei samarbeida om å få til grøn om stilling, definerte vi 16 grøne hubbar for omstilling i Vestland. Desse inkluderer ei rad ulike verksemder og finst i alle delar av fylket.

Industriell symbiose som strategi

Gjennom identifiseringa av dei grøne hubbane oppstod «industriell symbiose» både som eit omgrep og som ein strategi for korleis ein kan lykkast med få til det grøne skiftet, og som beskrivande for mykje at det som skjer i dei ulike hubbane og verksemdene.

Industriell symbiose inneber kort sagt at verksemdene vert flinkare til å utnytte sidestraumane frå kvarandre sin produksjon, eller at den eine sitt avfall vert den andre sin ressurs eller innsatsfaktor.

Slik sikrar vi betre utnytting av avgrensa ressursar og minst mogleg avfall og svinn. Sirkularitet og sirkulær økonomi er omgrep som beskriv mykje av det same.

I tillegg til å oppmuntre, stimulere og legge til rette for kontakt mellom verksemder som kan utnytte kvarandre sine ressursar, er den kanskje viktigaste oppgåve til Grøn region Vestland å hjelpa industrien med å kome rundt dei barrierane som står i vegen for det grøne om stillinga.

Mål for Norge mot 2030

- 55 %

klimautslepp

+ 300 000

nye grøne jobbar i heile landet

+ 50 %

fastlandseksport